Innlegg frå ''Harry Potter og de vises sten''
Skrevet av: Daniel Marvik Dato:06.10.2010
Presentasjon
Boka Harry Potter er skrevet av den Britiske forfattaren J.K Rowling (Joanne Kathleen Rowling).
Ho blei fødd 31.juli i 1965 og lever idag eit fullverdig liv som forfattar. Ho gikk ifrå å leve på trygd til multimillionær på 5 år. Ideen om boka fant ho på ein dag ho sat på toget frå Manchester til London og brukte etter det fleire år på å tenkje seg ut korleis handlinga og historia skulle vær. Boka var først skrevet då ho var skilt og fattig. Bøkene om Harry Potter er blitt ein av tidenes største romanar og er skrevet om til over 40 forskjellege språk. Forteljinga i boka er kjønnlitteratur og har sjangeren fantasi då den handlar om trolldom og magi, dragar, gnomar og andre underlege vesen. Hovudpersonen i boka er Harry Potter og de to vennene hans som etter kvart kjem tett innpå, Ronny Wiltersen og Hermine Grang.
Referat
Harry Potter budde hos familien Dumling som var hans onkel og tante etter at mora hans var drepen. Der hadde han eit lite, smalt bøttekott under trappa han sov i, mens sønen deira hadde to rom, eit av dem var til leikene hans og det andre sov han på. Harry var svært sjenert, redd og fikk ikkje lov og vere saman med andre menneskjer, derfor var han ein innestengt gut. Men ein dag var ikkje alt som det skulle, kattar les avisa ute i gata, det blåste forferdeleg og fleire menneskjer enn vanleg var kledd i lange, store svarte frakkar. Dagen då Harry var henta av sjølvaste professoren frå Galtvort skule var komen, professor Humlesnurr kjem for å ta med seg Harry.
Då Harry kjem til skulen Galtvort var han livredd. Dei store portane inn til skulen var passa på av store, skumle vesen, heksar fløyg rundt oppe på himmelen og merkelege skapningar surra rundt i buskane. Harry ante ikkje kva det var som hendte akkurat i dette augeblink. Han blei ført inn i ein gang og der gikk han i mørket med folk og vesen han ikkje ante kven var. Men så blei det lyst for Harry, ein svær dør blei opna og der sat det hundrevis av andre elevar som Harry.
På skulen Galtvort blir elevane val inn i forskjellege grupper, alt etter korleis dei har oppført seg før og bakgrunn. Det er her Harry treffer de to vennene sine Ronny og Hermine. Dei går i same klasse og har undervisning saman. Utover skuleåret snokar dei i forskjellege ting dei ikkje har noko med å gjere og blir her sat på prøve. Voldemort som er den farligaste trollmannen innanfor svart magi har brot seg inn på skulen. Dei besøk det ulovlege biblioteket, snokar i bøker og finn ut meir enn dei burde vite om denne trollmannen. Dermed blir dei meir tilkjente med dei som jobbar der ved at dei markerer seg. Ein av dei er Gygrid, ein svær mann som lever ute i skogen og er vektar på skulen. Han blir etter kvart god venn med Harry og fortel ham ting. Harry har også knytet tette band med professoren Humlesnurr. Til slut veit dei nok om denne voldemort til og kunne finne ham. Med Humlesnurr's hjelp og ein utruleg innsats frå vennene hans prøvar dei seg på å ta denne trollmannen voldemort.
Personskildring
Som liten opplevde Harry Potter noko frykteleg som kjem til og sette spor i ham for resten av hans liv. Det fryktelege svarte trollmannen Voldemort drep mora til Potter rett føre augene på han, noe som skapte mykje oppstyr i avisene og blant gompene, dei som ikkje hadde noko med magi og trolldom å gjere. Spørsmålet var kvifor var ikkje denne Harry drepen med det same. Folk høyrde om hendinga rundt omkring alle plassar dei var, snakket om at Harry Potter hadde overlevd gikk igjen og igjen. Einaste han var etterlat med var eit skar i panna, eit sikksakkskar som alle snakka om.
Harry Potter er ein veldig mystisk og spesiell person, med de runde brillene og skaret i panna er det mange som ikkje forstår Harry, men når du leser boka får du eit godt innblikk i korleis han tenkjer og er som person.
Harry Potter blei veldig godt tatt imot på skulen fordi alle viste kven han var og hendinga bak ham, men også mange oppførte seg spydig ovanfor Harry. Harry hadde to bestevennar, Ronny og Hermine. Ronny er den festlige lille guten som alltid syter og kjem med merkelege kommentarar. Hermine er den kloke, smarte og søte jenta som alltid har rett og finn ut ting når Harry treng det.
Harry er ein veldig rolig person, men som kjem i god kontakt med dei fleste av dei som undervis på skulen. Slik kommer han frem til det han treng, snakke og smiske på ein underleg måte slik at det ikkje blir lagd noe merke til.
Harry klarar i løpet av året og få gode kontakter med forskjellege folk som arbeidar på skulen. Ein av dem er vekteren Gygrid, den store, svarte, mørke og skumle mannen som bur ute i skogen utafor skulen. Dei tilbringar mye tid saman og Gygrid fortel meir enn han burde gjort. Han hjelper Harry når han trenger det sjølv om det ikkje er tillat. Kvar gang Harry planlegg noko har han støtte med seg, enten det er ifrå venner eller andre. Dersom han blir tatt har han ein utruleg evne til å snakke seg bort i frå straffa.
På ein eller annan måte klarar Harry alltid og få det positive over til sin side.
Meiningar og Tankar
Når du les Harry Potter og de vises stein stillar du deg fleire spørsmål oppe i hovudet med det sama du les. Nesten alle de spørsmåla som stillar i hovudet får du svar på når du les vidare. Boka har også ein heilt fantastisk god oppbygging med den rekkefølgje det kjem i. Du får god tid til og bli kjent med alle dei personane som er viktige i boka og god tid til å danne deg eit bilde over korleis situasjonen ser ut. Språket i boka er også veldig bra. Ikkje så mange ukjente ord eller uttrykk er vanskeleg å lese, noe som gjør at boka er vennleg mot både barn og vaksne.
Ein annan ting som er veldig positivt er at spenninga er enorm når du les. Spenninga bare stiger og stiger til det når eit bestemt punkt, noe som gjør at det blir vanskelig å legge ifrå seg boka fordi du blir heilt reven med av handlinga.
Anbefaling
Denne boka er absolutt til å anbefale. Den passer til barn over 10 år, ungdom, vaksne og gamle. Ein heilt unik verden du blir revet med i full av eventyr og magi, spennende augeblink og nervepirrande handlingar. Sjølv om du er 10 eller 100 år, gut eller jente er dette uansett ei bok som vil vere fengande og umulig å lausrive seg ifrå. Boka er på 280 sider så det er ei bok du kan kose deg over lang tid.
Kan du leggje inn rapporthovud (tittel, sidetal m.m)?
SvarSlett